logo  
  meny  
  meny  
:: Kven veit    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Kven veit?

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga.

Om lag 1000 personar er kvart år involvert i Kven veit? som deltakarar, dommarar og Kven veit? - sekretariat.

Det har vore mange ulike tema i Kven veit? opp i gjennom tidene. I 2010 var temaet forfattaren Rasmus Løland, og i 2004 var tema barne- og ungdomslitteratur. I Garborgåret i 2001 var tema via Hulda og Arne Garborg. I 1995 var tema møte mellom kulturar. I 1990 stod alkohol og alkoholskadar på dagsorden. Distriktspolitikk har vore tema fleire gonger, som til dømes i 1986. I 1979 var tema ”Kva kringskasting vil vi ha i framtida” og i 1972 var det "EF, miljøvern og utviklingshjelp".

 

Kven veit? 2011

Tema for Kven veit? 2011 er frivillighet. Det er same tema for begge klasser. Les meir om tema og tevlinga i brosjyrene våre. Påmeldingsfrist er 1. desember.

 

Brosjyre for senior Kven veit?

Brosjyre for junior Kven veit?

Påmeldingsskjema

 

Resultat 2011

I 2010 tok Røstkvervet Ungdomslag fyrsteplassen i seniorklassa, og overtok soleis vandrepremien frå Vågå Ungdomslag. I junior-klassa var det Fana UL/Kirkevoll skule som etter poenga frå siste tevlingsrundet var talt opp hadde halt inn sigeren i land. 

Resultat Kven veit? senior runde 1

Resultat Kven veit? junior runde 1

Resultat Kven veit? senior runde 2

Resultat Kven veit? junior runde 2

Resultat Kven veit? senior runde 3 og samanlagt

Resultat Kven veit? junior runde 3 og samanlagt

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt