logo  
  meny  
  meny  
:: Ungdomshus    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Ungdomshus i NU

Store forsikringspengar å spare som medlem

NU og lag i NU med lagshus kan, som medlem av Norske kulturbygg, gjere bruk av alle KNIF-avtaler inkl. forsikring. Lag med hus har spart mange pengar gjennom å gå inn på denne avtalen. To døme på dette, er Hellfjell Ungdomslag i Mosjøen og Voss Ungdomslag.

Sparte 25.000,- i forsikringspremie

Hellfjell Ungdomslag i Mosjøen og andelslaget for grendehuset fekk forsikringspremien redusert med 25 000 kroner ved å byte forsikringsselskap. Det er magasinet Hellfjell-nytt som kjem med denne gladmeldinga.
Foto: Norske kulturbygg.

60 % lågare utgifter

Voss ungdomslag er eitt av laga i Noregs Ungdomslag som har nytt godt av gunstig KNIF-forsikring frå Norske kulturbygg. Foto: Norske kulturbygg.

Ungdomshusa i Noregs Ungdomslag

"Hus byggjer lag". Dette fyndoret frå ein ukjent filosof seier mykje om kva husa har hatt å seie for lokallaga i Noregs Ungdomslag.

For det fyrste er trivelege samlingsstader eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. For det andre er ein vellukka byggedugnad engasjerande og samlande for dei som er med.

Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Men ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa blei viktige grendehus og kulturhus i sine områder. Ennå i dag veit vi at omlag 100 av dei vél 300 ungdomshusa i NU, er det einaste kulturhuset i si bygd, - og i omlag 200 av bygdene der det finst NU-hus er det ikkje tilgang til offentleg kulturbygg. Dette fortel at ungdomshusa er viktige institusjonar - både før og nå.

Det er er store utfordringar med å halde eit slikt samlingshus opp til dagens standard og krav til komfort. Difor har mange ungdomslag sett på nye måtar å eige husa på. Det viktigaste er å finne løysingar som sikrar gode samlingsplassar for lokal kulturverksemd i framtida.

Organisasjonen Norske kulturbygg er tenesteapparat for lag i Noregs Ungdomslag med ungdomshus. Les meir om Norske kulturbygg

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt