logo  
  meny  
  meny  
:: Barn og unge    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Skader kampen mot rasisme

Styret i Noregs Ungdomslag legg i helga fram forslag om at SOS Rasisme må legge seg sjølv ned. Leiar i Noregs Ungdomslag, Kristian Fjellanger, peiker på avsløringar i media sett alle alle barne- og ungdomsorganisasjonane i eit dårleg lys:

- Vi ser svært alvorleg på avsløringar om og utsegner frå leiinga i SOS Rasisme om drifta av organisasjonen, og vi meiner at dette er med på å svekke det antirasistiske arbeidet som skjer i Noreg, seier Fjellanger.

Rapporten Det kan skje igjen – om antisemittisme og rasisme i skolen, som ble lagt fram i januar, viser mellom anna til Elevundersøkelsen frå 2010, der 4,8 prosent av elevane svarte at dei hadde blitt utsatt for urettferdig behandling eller diskriminering på grunn av nasjonalitet 2-3 gonger i månaden eller meir.

Det kjem òg fram at om lag 50 prosent av innvandrerbefolkninga seier at dei har opplevd ein eller annan form for diskriminering.

- Arbeidet mot rasisme og diskriminering i Noreg er for viktig til at det skal bli forvalta av SOS Rasisme.  Det er viktig at Noreg har sterke organisasjonar med stor truverd som jobbar med antirasisme. SOS Rasisme har ingen tillit hos oss, og vi ber derfor organisasjonen om å legge seg ned, held Fjellanger fram.

I fråsegna frå styret foreslår styret at landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal støtte det tverrpolitiske arbeidet i regi av dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane og Antirastisisk Senter, som har som mål å opprette ein ny antirasistisk barne- og ungdomsorganisasjon.

 

Kontaktinformasjon:

Kontakt styreleiar Kristian Fjellanger på telefonnummer 959 77 233, eller på e-post kristian@ungdomslag.no. 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt