logo  
  meny  
  meny  
:: Teater    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Reiseinstruktørordninga held fram

Den populære reiseinstruktørordninga for teater held fram også i 2011. Dei to føregåande åra har mange lag i fått besøk av ein av NU sine teaterinstruktørar. Dette har gjeve laga verdifull inspirasjon og sentralleddet har fått betre kontakt med lokallaga. Ordninga skal tilby alt frå hjelp til å starte teatergruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, revy, skodespelarteknikk, fysisk uttrykk, klovning, sminke m.m.

 
Frå Trine M. Sjølyst sitt besøk i Mjeldalen UL

 Reiseinstruktørane er subsidiert frå sentralleddet slik at eigenandelen for eit kurs blir på 4000.- pr kurs. Gruppa får då 12 kurstimar og NU betaler reise, opphald og honorar til instruktøren. For å nytte seg av ordninga må du ta kontakt med kontoret med ei bestilling på ønska kurstema og helg.

 

Som eit resultat frå dei tidlegare besøka har dei to faste reiseinstruktørane våre laga  eit tipshefte for teatergrupper.   Her er det døme på ulike teaterøvingar og tekstar om det å drive ei teatergruppe. Heftet skal vere ferdig i løpet av våren 2011.

For bestilling kontakt andreas@ungdomslag.no

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt