logo  
  meny  
  meny  
:: Teater    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Stønad til ny tekst på amatørteaterfestivalen

Noregs Ungdomslag har fått 30.000 frå Scenetekstfondet til eit heilt nytt stykke på Norsk Amatørteaterfestival 2011. Stykket skal synast av to ulike grupper og vi er no veldig glade for å kunne presentere vår eigen festivaldramatikar Eirik Fauske.

 
Eirik Fauske

  

Eirik er 28 år og kjem opprinneleg frå Lindås i Hordaland. Eirik har studert teater i Verdal (2002-2004) og kulturprosjektleing i Lillehammer, og arbeider no som dramatikar og produsent.  Eirik kjenner festivalen frå innsida også frå 2009 då han var vikar på NU-kontoret.

Forutan å være nybakt far skriv han dramatikk så knottane på den vesle pcen hans nesten gir etter. Eirik har fått gode skussmål for stykka "Gullalðurir" og barnestykket "Under barnehagen" som har blitt synt på fleire scener i 2010. I 2005 skreiv han òg stykket "Med The Beatles på plakaten" for Lindås Ungdomslag si eldste barneteatergruppe.   

Eirik har fått i oppdrag å skrive rundt temaet for festivalen som er nynorsk, dialektar og identitet. Vi er spente og gler oss til å sjå korleis Eirik og dei to gruppene som skal spele stykket løyser utfordringa. Den eine gruppa er Teaterlaget i BUL Oslo. Den andre gruppa er snart klar og vil bli ei barne- og ungdomsgruppe frå ein annan stad i landet.

Les meir om Norsk Amatørteaterfestival 2011 her.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt