logo  
  meny  
  meny  
:: Teater    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Statsbudsjettet 2011: Løyvingar til Den mangfaldige scenen

I forslaget til Statsbudsjett for 2011 rår Kulturdepartementet Stortinget til å løyve 750 000 kroner for å halde fram med prosjektet Den mangfaldige scenen.

 
Frå DMS si framsyning "Sirkus nesegørr"

 

- I over 100 år har den frilynte ungdomsrørsla jobba for å ta vare på og utvikle det kulturelle mangfaldet som Noreg representerer. Den mangfaldige scenen har vitalisert eldre kunst- og kulturformer, skapt ein plattform for mange unge som ønskjer å arbeide med kunst og kultur og gjeve oss nye kulturelle uttrykk, seier styreleiar i Noregs Ungdomsag, Kristian Fjellanger.

 Gjennom prosjektet Den mangfaldige scenen (DMS) i Oslo har over 100 born og unge frå 6 til 27 år i to år har jobba med å skape ei scene der born og unge frå alle kulturar i Oslo er med. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo og Det Norske Teatret.

Frå og med 2011 skal Det Multi Norske startast opp. Det Multi Norske skal både vere ei vidareføring av DMS samtidig som det skal vere ei midlertidig utdanning for skodespelarar med minoritetsbakgrunn. Kulturdepartementet seier at prosjektet “har vært et bredt tilbud til store grupper barn og unge”, og at målet er “¨etablere et tilbud som kan innpasses i det ordinære utdanningssystemet og bidra til å rekruttere flere skuespillere med minoritetsbakgrunn til teater, film og fjernsyn”.

 - Vi er svært glad over at DMS har fått desse løyvingane, slik at ein kan halde fram med levande folkeuttrykk der folk møtest på tvers av kulturelle grenser gjennom dans, musikk og teater, held Fjellanger fram. 

 - Folkeleg kultur er i sin essens eit resultat av internasjonale inspirasjonskjelder og kan ikkje haldast i live utan å få nye impulsar og kontaktar frå utlandet, avsluttar Fjellanger.

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt