logo  
  meny  
  meny  
:: Tilskot    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Støtteordningar

Frifond

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for demokratisk og medlemsbasert kulturarbeid for barn og unge.

Kva kan de få frifondmidlar til?

Frifond skal gå til barne- og ungdomsaktiviteten i laga. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan søkje om driftstilskot eller oppstartstilskot. I tillegg kan ein søkje prosjekttilskot til teateraktivitet.

Letterstedtska föreningen

Utdrag frå heimesida: Årligen förfogar Letterstedtska föreningen över ca två miljoner svenska kronor för utdelning till nordiska ändamål dels gemensamt, dels nationellt. Anslagsutlysningen utsändes i särskild ordning till universitet, högskolor, nordiska institutioner och föreningar. Den publiceras regelmässigt i årets sista nummer av Nordisk Tidskrift. Det förekommer ingen ansökningsblankett, utan ansökan utformas av den sökande.

Under 2010 utdelas anslag vid två tillfällen, dels under våren, dels under hösten. Ansökningarna skall insändas före den 15 februari och före den 15 september 2010.

Les meir her

Sparebankstiftelsen DnB NOR

Kvart år deler Sparebankstiftelsen (DnB NOR) ut stønad til ulike formål.

Les meir her.

Fokus engasjement - Fokus bank

Fokus Bank søker lokalt engasjement og ønsker å bidra i det samfunnet vi lever i og av - nasjonalt, regionalt og lokalt.

Søknadsfrist to ganger i året - 1. april og 1. oktober.

Les meir her.

Rasmus og Agnes Pettersons fond

 

Dette er eit fond som Noregs Ungdomslag, Norges Bygdeungdomslag og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen er saman om å forvalte. Føremålet er å gje økonomisk stønad til musikkopplæring av talentfull bygdeungdom frå heile landet.

Opplæringa kan t.d. vera songundervising, instrumental- og/eller teoriundervising. Stønad frå fondet kan delast ut som individuelle stipend eller gå til kursverksemd. Stipendbeløpa varierer mellom 2000 og 5000 kroner, og tildeling skjer annakvart år; 2011, 2013, 2015, osb. Søknadsfristen er sett til 1. mars. Søknadsskjema finn du på nettsida: www.griegakademiet.no

Send søknad til:

Rasmus og Agnes Petterssons fond

Griegakademiet - Institutt for musikk

Lars Hilles g. 3

5015 Bergen

eller som e-post: post@grieg.uib.no (med underskrift, som pdf-fil)

 

Kontakt:

e-post: magni.stoveland@grieg.uib.no

Tlf nr. 5558 6949. (resepsjon 5558 6950)

NB: Kontakt i tida 18.2.-2.3.:

ingunn.skjelvan@uni.no

tlf. 5558 4268

 

Clara Lackmanns stiftelse

Stiftelsen Clara Lachmanns fond er eit skandinavisk kulturfond. Prosjekt som får støtte må ha ein klar skandinavisk vinkling og omfatte meir enn eitt skandinaviskt land. Skal de til dømes på studietur til eit anna skandinavisk land - kan du søke om støtte her.

Les meir her.

Støtte til opplæring

Folkekulturforbundet gjev støtte til kursverksemd og vanleg opplæringsverksemd i lokallaga. For å få stønad må laget vere medlem i Noregs Ungdomslag, sjå Folkekulturforbundet sine heimesider.

Opplæringsfondet i Noregs Ungdomslag

(nye rettningslinjer vedtatt mai 2010)

Føremålet med fondet er å yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemmar i Noregs Ungdomslag i dei aktivitetane og det arbeidet desse utfører for organisasjonen.

Opplæringsfondet gir støtte til: Kursavgift, utgifter til kursmateriell og utgifter til reise og opphald.
Opplæringsfondet gir ikkje støtte til: honorar

Kven kan søke: medlemmer i NU og lag i NU som søker på vegne av eigne medlemmer

Søknadsfrist og tildeling:
- søknadsfrist 15. januar anna kvart år
- tildeling blir gjort kvart andre år (sist i 2010)
- styret i NU avgjer kven som skal få tilskot i tråd med retningslinjene for fondet

Eufemiafondet

Fondet vart oppretta av dramatikaren Peder W. Cappelen og skal stimulere til dramatisering av lokale soge, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Det er søknadsfrist kvart andre år. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2010.

Last ned brosjyre for 2010

Ole Vig-prisen

Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda:
- Folkeopplysningarbeid
- Kunst
- Kulturarbeid medrekna idrett

Alle organisasjoner som har medlemmer i aldersgruppa 20-35 år, kan sende inn forslag på kandidatar. Søknadsfristen er 15. mai kvart år og er på 10 000 kr.
www.olevig-prisen.org

Rådet for folkemusikk og folkedans

Rådet for folkemusikk og folkedans har fire støtteordningar:

Tiltaksmidlar (til feltarbeid, opplæring, lydfesting, publisering m.m)

Arbeidsstipend (til undervisningsprosjekt, feltarbeid, læring på gamlemåten og andre prosjekt)

Små og raske midler

Større prosjektmidler

Søknadar må sendast på eigne skjema.
Søknadane blir handsama to gonger i året, 15. februar og 15, september.

Meir informasjon på: www.rff-sentret.no
Rff-sentret, Dragvoll, 7491 Trondheim, tlf: 73 59 65 77

Norsk teaterråd

Norsk teaterråd er paraplyorganisasjon for organisasjonar som har frivillig scenekunst som arbeidsfelt. På heimesidene finn de omtale av støtteordningar som t.d. Scenetekstfondet og Norsk teaterråd si reisestøtteordning.
www.teater.no

Musikkutstyrsordningen

Musikkutstyrsordninga skal administrere offentlege tilskot til teknisk utstyr for spelestader, klubbar, arrangørar, øvingsfellesskap, samt til utvikling, tilrettelegging og byggjing av øvings- og framsyningsslokaler innan det rytmiske musikkfeltet.

For mindre prosjekt og søknader frå små øvingsfellesskaper gjeld to søknadsfristar i året. Disse er 1. februar og 1. september.

For større prosjekt og søknader er det ingen søknadsfrist.

Les meir.

Norsk kulturråd

Arrangørstøtteordning: løpande søknadsfrist - ein kan søke gjennom heile året

Denne ordninga er for deg som arrangerer konserter gjennom heile året.

Produksjon/formidling/arrangement:

  • Festival
  • Forestilling
  • Konsert
  • Turné
  • Utstilling
  • Barn og unge
  • Seminar/workshop/andre formidlingstiltak
  •  

    Utøvande/skapande verksomheit:

  • Musikk
  • Teater/dans/performance
  • Opera
  • Billedkunst/kunsthåndverk/foto
  •  

    Utgjevingar:

  • Litteratur og tidsskrift
  • Kunstfaglige publikasjoner
  • Barn og unge
  • Musikk
  •  

    Andre områder i Kulturfondet

  • Kulturvern
  • Tverrfaglige prosjekter
  • Kulturelt mangfold
  • Rom for kunst
  •  

    Støtte utanfor Kulturfondet

  • EUs kulturprogram  
  • Andre fond

  • www.kulturrad.no

    Fond for lyd og bilde

    Fondet er oppretta for å gi godgjørelse til rettighetshavere for den lovlige kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete. Søknadsfrist 1. februar og 1. september.
    www.kulturrad.no

    LNU

    Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar forvaltar ei rekkje støtterodningar. På heimesidene til LNU finn du meir informasjon om desse, mellom anna om:
    - Mangfald og inkludering - støtte til prosjekt som set fokus på mangfald, haldningar og deltaking
    - Kulturmidlane- prosjektstøtteordning til  større kulturprosjekt i regi av landsdekkande barne- og ungdomsorganisasjoner.

    LNU forvaltar også fleire støtteordningar for internasjonalt prosjektarbeid. Les meir på LNU sine nettsider www.lnu.no

     

    LNU har også utarbeidd eit oversyn over andre tilskotsordningar som frivillige organisasjonar kan søkje på.

    tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
    Ansvarleg redaktør:
    Eli Ulvestad
     
    Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt