logo  
  meny  
  meny  
:: Medlemssørvis    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Sørvis for lokal- og fylkeslag

NU-kontoret yter sørvis til lokal- og fylkeslaga, for å lette arbeidet til tillitsvalde og tilsette i laga. På denne sida, og i menyen til venstre, vil du finne det meste av informasjon du treng som tillitsvald i eit lokallag  i Noregs Ungdomslag.

Informasjon til laga

Noregs Ungdomslag sender 3-4 gongar i året ut "NU-kontakt" til alle lokal- og fylkeslag. Dette er eit meldingsblad frå sentralleddet, der laga blir informert om aktuelle saker som har relevans for lagsdrifta.

Utgåver 2010

NU-kontakt nr 2

NU-kontakt nr 1

NU-kontakt nr 3

Utgåver 2009

NU-kontakt nr 3
NU-kontakt nr 2
NU-kontakt nr 1

Utgåver 2008

NU-kontakt nr 3
NU-kontakt nr 2
NU-kontakt nr 1

Utgåver 2007

NU-kontakt nr 4
NU-kontakt nr 3
NU-kontakt nr 2
NU-kontakt nr 1

Utgåver 2006

NU-kontakt nr 3
NU-kontakt nr 2
NU-kontakt nr 1

Nyttige dokument for lokallaga

Registrering av tillitsvalde 2011

Så snart laget har halde årsmøte, er det viktig at namn på styremedlemmar og tillitsvalde blir sendt inn til Noregs Ungdomslag, noko de kan gjere ved å fylle ut i dette excel-arket og sende det til NU-kontoret. 

Last ned skjema her. 

Nye rutinar for årsrapportering 2011

I desse dagar går NU over til eit nytt medlemsregister (Hypersys), og i den samanheng ber vi om at laga gjer to "operasjonar" for å lette overgangen så mykje som mogleg. Les meir i dette dokumentet. 

Årshjul for kontakten mellom Noregs Ungdomslag og lokal- og fylkeslag

Noregs Ungdomslag har utarbeidd eit årshjul med viktige tillskipingar, fristar og prosedyrer. Her vil laga finne informasjon m.a. om påmeldingsfristar, stoffristar til medlemsbladet og når dei får tilsendt krav om kontingent.

Last ned årshjulet her

Lov for lokallaget

Alle lokallag må ha eigne lover for laget. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som bør nyttast når ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. Mønsterlovene er sist revidert etter årsmøtet i Noregs Ungdomslag i 2009.

Mønsterlover for lokallag (pdf)

Mønsterlover for lokallag (word)

Om landsmøtet i Noregs Ungdomslag

Alle lag som er tilslutta Noregs Ungdomslag, og som har sendt inn medlemslister, årsrapport og har betalt kontingent til NU, har rett på minst to utsendingar til landsmøtet til Noregs Ungdomslag. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller på eit lagsmøte i laget. Årsmøtet kan også gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Alle medlemmar over 14 år kan veljast som utsendingar til landsmøtet.

Les meir om landsmøtet

Nyttige dokument for fylkeslaga

Fylkeslaga si rolle i organisasjonen er eit tema som blir mykje diskutert i NU. Det er stor skilnad på kor mykje faglege og økonomiske ressursar som ligg til kvart fylkeslag, og dette gjer at det kan vere store skilnader fylkeslaga i mellom på kva tenester som vert ytt til laga. Slik vil og skal det framleis vere, men årsmøtet i NU vedtok i 2009 å definere oppgåver for fylkeslaga.

Oppgåver for fylkeslaga

Lov for fylkeslaget

Alle fylkeslag må ha eigne lover. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. På landsmøtet i 2011 skal det vedtakast nye mønsterlover for fylkeslag, men her finn du dagens mønsterlover:

Mønsterlov for fylkeslag

Om du har spørsmål knytt til drift av ungdomslaget ditt, ring gjerne Alf Steinar Nekstad, tlf.   24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt