logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Vi gratulerer Folkedanslaget Symra med jubileumsbok!

I 2010 feira Symra 50 år. I mange 10-år har Symra vore ein av dei mest aktive leikarringane i landet. Nå ligg jubileumsboka føre - ei flott bok i A4-format, over 300 sider, stive permar og meir enn 830 bilete, dei fleste i fargar. Boka legg hovudvekta på dei siste 25 åra, sidan laget har gjeve ut eit lagssoge før om dei første 25 åra. Men boka inneheld òg mykje stoff frå åra før. Det er Vebjørn Bakken, mangeårig lagsmedlem, som er redaktør og har skrive det meste av teksten. Han har også klargjort boka for trykking.

 

Boka dokumenter korleis ringen har utvikla seg frå eit særlag i dei tre bygdelaga frå Møre og Romsdal til eit sjølvstendig lag i BLS og Noregs Ungdomslag. Boka fortel om dei første vanskelege åra med dårleg økonomi. Alle spelemenn, rettleiarar og formenn/leiarar blir grundig presentert, også med bilete. Kjente namn som Ivar Medaas, Søren Nomeland, Jon Tryti og Knut Trøen har vore faste spelemenn i ringen. Dei ulike funksjonar og ombod i laget - styre, framsyningsnemnd, studieleiar osb - vert gjennomgått, og dei som har gjort ein ekstra innsats blir presentert. Laget har vore ein aktiv framsyningsring i alle år, og ikkje minst den langvarige tradisjonen å danse på sjukeheimar 17. mai blir framheva. Det \"daglege\" arbeidet i ringen - på øvingskveldar, folkedanskveldar, kurs av ulike slag og nemndarbeid blir også lagt vekt på. Boka inneheld òg ei liste over alle dei ca 1000 som har vore medlemer i laget gjennom tidene, og når dei var medlem. Likeeins er det brudebilete av mange av dei som har funne ektemaken sin i Symra. Det siste 10-året har stildansen vore ein viktig aktivitet, og den er grundig omtala.

Størst vekt blir det lagt på å presentere dei ulike aktivitetane i laget, til dømes dei mange utanlandsturane, den store deltakinga på Nordleik, på Isleik og NU-stemne og på sumarstemnet til Bygdelagssamskipnaden på Norsk Folkemuseum. Vi får mange glimt frå tidlegare leikfestar, vårfestar, julefestar og andre samkomer. Her er også eit stort kapittel om det nære samarbeidet med venskapsringen Viljan i Stockholm. Eit samarbeid som har vore ubrote i over 45 år. Vi får også ta del i andre aktivitetar på sida av sjølve dansing - til dømes dei mange vellukka fjellturane, turar i skog og mark, hytteturar i Oslomarka og teaterkveldane.

Boka gjev eit levande inntrykk av livet i leikarringen gjennom skiftande tider. Sidan boka inneheld mykje generelt stoff om folkedansen, bør boka også vere av interesse for andre enn medlemene i laget.
Som eit supplement til boka er det også laga ein DVD med ei stor mengd bilete frå dei ulike aktivitetane i ringen.
Boka og DVD-en kan ein bestille dersom ein går inn på heimesida til laget: www.folkedans.com/symra

Meir info:Vebjørn Bakken, Granebakken 62, 1284 Oslo, tlf 90194897, epost: vebbak@online.no

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt