logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Utgreiing om folkedansen

Johan Einar Bjerkem, f.1969, frå Steinkjer er tilsett som utgreiar og prosjektleiar for ei utgreiing om folkedansen i Noreg. Bak utgreiinga står Rådet for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg.

 

Rådet for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg har tatt initiativ til ei utgreiing om folkedansen i Noreg. Ønskje om ei utgreiing heng saman med mellom anna omorganiseringa på folkemusikkfeltet, signal om at folkedansen er i vanskar, Noreg si implementering av UNESCO sin konvensjon om den immaterielle kulturarven og Georg Arnestad sin rapport frå 2001 som konkluderer med at folkedansen står i ei særstilling. Arbeidet skal resultere i ein rapport.

Johan Einar Bjerkem er tilsett som utgreiar og prosjektleiar. Bjerkem er utdanna Cand. Philol frå universitetet i Oslo og har mellom anna arbeidd som lektor med opprykk. Han har stor kjennskap til folkemusikk og folkedans og er i dag dagleg leiar for stiftinga Hilmar Alexandersen og Hilmarfestivalen i Steinkjer. Mange kjenner han som ein drivkraftig og dyktig danseinstruktør og saman med kona Torunn har han lært frå seg mange dansesteg i både Noreg og utlandet.

 

Bjerkem har lang erfaring frå større publikasjonar og forfattarskap. Mellom anna har han skreiv boka ”Portrett av ein historieforteljar. Samtale med Ragnar Ryan” som kom ut på Aschehoug i 1999 og i 2004 forfatta han boka ”Forteljingas pedagogikk. Folkedikting før og no.” utgitt på Gyldendal akademiske forlag. Johan Einar Bjerkem har i tillegg erfaring som forfattar og medforfattar av fleire utgreiingar for offentlege instansar.

 

Organisasjonane har sett ned ei resursgruppe som skal følgje opp utgreiingsarbeidet i tett samarbeid med utgreiar. Gruppa skal sikre dei tre partane sine interesser i utgreiinga samt fungere som fagkunnige, faglege støttespelarar for utgreiaren.

Resursgruppa er sett saman av følgjande:

Gro Marie Svida (leiar) (Rådet)
Egil Bakka (Rff-sentret)
Synnøve Jørgensen (NU)
Marianne Dahl (NU)
Sigurd Johan Heide (FolkOrg)
Frode Rolandsgard (FolkOrg)

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt